Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjennvinning IKS

Versjon 011208

 

§ 1 Selskapet sitt namn

Selskapet sitt namn er Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS

 

§ 2 Deltakarar og ansvar

Selskapet er eit interkommunalt selskap, stifta i medhald av lov om interkommunale selskap,lov 29.01.99/6, med fylgjande deltakarar:

Kommune - Organisasjonsnr. - Deltakaransvar og eigarlutar:
Bykle kommune - 958 814 968 - 1/5
Valle kommune - 964 966 575 - 1/5
Bygland kommune - 964 966 397 - 1/5
Evje og Hornnes kommune - 964 966 109 - 1/5
Iveland kommune - 864 966 012 - 1/5

 

§ 3 Føremålet med selskapet

Føremålet med selskapet er å take vare på alt avfall i regionen på ein miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg måte, ved at kommunane overfører dette ansvaret til selskapet.

Selskapet skal:

  • etablere, eige og drive anlegg for mottak, handsaming og deponering av avfall i dei fem kommunane i samsvar med forureiningslov og konsesjonsvilkår,
  • vere ansvarleg for innsamling, transport og handsaming av alle avfallstypar etter lovverk og føresegner,
  • ta seg av all innsamling og vidare handsaming av slam frå reinseanlegg, septiktankar og lukka anlegg,
  • drive informasjon, samordning, rådgjeving og tilrettelegging vedkomande avfallshandtering,

Selskapet kan ta på seg oppgåver for eigarkommunane og andre kundar og kjøpe tenester knytt til drifta frå andre når dette er teneleg.

Selskapet avgjer i kor stor grad drifta skal nytte eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved leige og/eller driftsavtalar med kommunar, verksemder eller personar.

Representantskapet kan vedta at selskapet deltek i andre føretak med avgrensa ansvar, når dette fremjar selskapet sitt føremål og kompetanse, og/eller tek sikte på å gjeve tekniske- økonomiske- og miljømessige driftsføremoner.

Kommunane skal samordne sine renovasjonsføresegner slik at dei vert like og samsvarer med selskapsavtalen.

 

§ 4 Selskapet sitt hovudkontor

Selskapet har hovudkontor i Evje og Hornnes kommune.

Adresse: 4735 Evje

 

§ 5 Representantskapet

Representantskapet er det øvste organet i selskapet, og deltakarane utøvar sitt mynde i selskapet gjennom dette.

Representantskapet har 10 medlemer med varamedlemer, fordelt med 2 medlemer med varamedlemer frå kvar av kommunane, og med ei røyst for kvar representant. Det enkelte kommunestyre vel sjølv sine representantar, og valet fylgjer den kommunale valperioden. Representantskapet vel sjølv leiar og nestleiar for to år om gongen.

Ordførarane i deltakarkommunane har møte- og talerett, men ikkje røysterett med mindre dei er valde medlemer av representantskapet. Rådmennene i deltakarkommunane har møte- og talerett i representantskapsmøte.

Om ikkje representantskapet i den einskilde saka bestemmer noko anna, har medlemene i styret og dagleg leiar rett til å vere til stades i representantskapet sine møte og til å uttale seg. Leiar i styret og dagleg leiar har plikt til å vere til stades med mindre det ikkje er tvilsamt at det er unødvendig eller det er gyldig forfall. I sistnemnde tilfelle skal det peikast ut ein som møter i staden.

 

§ 6 Sakshandsaminga i representantskapet

a) Ordinært representantskapsmøte skal haldast kvart halvår, seinast innan utgangen av juni og desember kvart år.

b) Ekstraordinært representantskapsmøte skal haldast etter vedtak av styret, eller dersom leiar for representantskapet, styreleiar, dagleg leiar, revisor eller to av deltakarkommunane krev det.

c) Leiaren i representantskapet kallar inn til møte. Innkalling og sakliste skal sendast medlemene og varamedlemene med minst 4 vekers varsel, om ikkje stuttare frist er heilt naudsynt. Innkalling med sakliste skal også sendast kommunane med same frist.

d) Møte i representantskapet skal leiast av leiar, eller nestleiar i hans fråver. Dersom ingen av desse er til stades vel representantskapet ein møteleiar.

e) Representantskapet er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades og desse representerer minst to tredeler av røystene. Med mindre anna fylgjer av lov eller selskapsavtale må eit gyldig vedtak vere gjort med fleirtal av dei røystene som er gjevne. Ved likt røystetal er møteleiaren si røyst avgjerande. Ved val eller tilsetjing er den vald eller tilsett som får flest røyster.

f) Protokoll frå representantskapet skal underskrivast av møteleiaren og to medlemer i representantskapet som vert valde til dette.

g) Om ugildskap for medlemene gjeld reglane i kommunelova § 40 nr. 3, jf. forvaltingslova § 6, tilsvarande.

 

§ 7 Representantskapet sine oppgåver

Representantskapet skal kvart år:

1.Vedta mål og retningsliner for drifta i den komande perioden.

2.Vedta budsjett og økonomiplan.

3.Godkjenne rekneskap og gjere vedtak om disponering av overskot.

4.Handsame og godkjenne årsmelding frå styret.

Når det er naudsynt:

5.Gjere fylgjande val:

- valnemnd

- leiar og nestleiar i representantskapet

- styremedlemer med personlege varamedlemer

- leiar og nestleiar i styret

- selskapet sin revisor

6.Vedta reglement for representantskapet og styret.

7.Vedta godtgjersle for verv i selskapet og honorar til revisor.

8.Godkjenne kjøp eller sal av fast eigedom, avtalar og større investeringar som har stort omfang for selskapet eller ein eller fleire av deltakarane, eller deltaking i andre selskap.

9.Handsame saker som representantskapet sjølv tek opp eller som styret legg fram.

 

§ 8 Styret

Styret for selskapet har ansvar for drifta i samsvar med lov og føresegner, selskapsavtalen og vedtak i representantskapet.

Styret skal ha 5 medlemer med personlege varamedlemer, som vert valde av representantskapet for fire år om gongen, etter framlegg frå deltakarkommunane. Alle deltakarkommunar skal vere representert i styret.

Dagleg leiar kan ikkje vere styremedlem, men har møte- og talerett i styret. Leiar i representantskapet har rett til å vere til stades og har talerett i styret. Styret kan bestemme at også andre kan vere til stades i styremøte.

Ein representant for dei tilsette har møte- og talerett i tråd med kommunelova § 26 nr. 1, i saker som gjeld tilhøvet mellom selskapet som arbeidsgjevar og dei tilsette.

 

§ 9 Sakshandsaminga i styret

a) Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Kvar styremedlem har ei røyst. Vedtak skal gjerast som fleirtalsvedtak. Ved likt røystetal er møteleiaren si røyst avgjerande.

b) Styreleiar kallar inn til styremøte så ofte han finn det naudsynt, eller når revisor, dagleg leiar eller minst ein av styremedlemene krev det.

c) Innkalling skal som hovudregel vere skriftleg, til vanleg med ei vekes varsel. Saker som ikkje står på saklista kan handsamast dersom ikkje møteleiaren eller ein tredjedel av dei frammøtte set seg i mot dette.

d) Det skal førast protokoll frå styremøta som skal sendast styremedlemene, leiar i representantskapet og deltakarkommunane. Protokollen skal underteiknast av alle styremedlemer som er til stades.

e) Om ugildskap for styremedlemene gjeld kommunelova § 40 nr.3, jf. forvaltingslova § 6, tilsvarande.

 

§ 10 Styret sine oppgåver

Styret har ansvar for forvaltinga og ei tilfredsstillande organisering av selskapet. Styret skal sjå til at verksemda vert driven i samsvar med selskapsavtalen, årsbudsjettet og andre vedtak og retningsliner fastsett av representantskapet.

Styret skal:

  • Syte for at rekneskapsføringa og forvaltinga av formuen vert utførd med fullgod kontroll.
  • Lage framlegg til vedtak som skal til representantskapet.
  • Leggje fram årsmelding og rekneskap for representantskapet.
  • Utarbeide årsbudsjett og økonomiplan og leggje det fram for representantskapet.
  • Vedta mindre utvidingar av anlegg og kjøp av maskinar innafor budsjettet.
  • Tilsetje dagleg leiar.
  • Utarbeide instruks for dagleg leiar og føre tilsyn med den daglege leiinga av selskapet.
  • Vedta personalpolitiske retningsliner, dei tilsette si løn og eventuelle oppseiingar.
  • Vedta delegasjonsreglement for dagleg leiar for tilsetjing av personell, personaladministrative oppgåver og andre saker som gjeld drifta av selskapet innafor gjevne rammer.
  • Godkjenne låneopptak innafor ramma i selskapsavtalen og årsbudsjett.

Protokoll frå styremøte skal sendast til leiaren i representantskapet og deltakarkommunane.

 

§ 11 Selskapet sin representasjon

Styreleiaren, eller i hans fråver to av styremedlemene, kan saman med dagleg leiar forplikte selskapet. Styret syter for å gjeve naudsynt prokura.

Dagleg leiar representerer selskapet utetter i saker som fell inn under hans mynde.

 

§ 12 Dagleg leiar

Selskapet skal ha ein dagleg leiar som har ansvaret for den daglege leiinga av selskapet, og elles fylgje dei retningsliner og pålegg som vert gjevne av styret.

Dagleg leiar har tilvisingsmynde innafor vedtatt budsjett, og førebur dei saker som skal handsamast av styret. Utgifter til dagleg leiar personleg, eller når han er ugild, skal tilvisast av styreleiar

Den daglege leiinga femner ikkje om saker som etter tilhøva i selskapet er av uvanleg art eller har mykje å seie for selskapet. Slike saker kan dagleg leiar berre avgjere når styret i den enkelte saka har gjeve han mynde til det, eller når ein ikkje kan vente på styret si avgjerd utan vesentleg ulempe for selskapet. I slike høve skal det snarast gjevast melding til styret om saka.

Dagleg leiar skal syte for god og jamleg kontakt med administrasjonen i deltakarkommunane, for å sikre utveksling av informasjon om verksemda, oppgåver verksemda har for kommunane og tilbakemelding frå kommunane.

Dagleg leiar har tilsettingsmynde.

 

§ 13 Selskapet som arbeidsgjevar og dei tilsette sine rettar

Selskapet skal vere medlem av KS-Bedrift. Dei tilsette skal fylgje kommunale tariffavtalar og pensjonsordning for kommunesektoren. Dei tilsette har høve til å søkje internt utlyste stillingar i deltakarkommunane.

 

§ 14 Innskot frå deltakarane

Deltakarane overfører alle eigedelar, rettar og forpliktingar i Setesdal Renovasjonsselskap til Setesdal Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS.

Ansvar for etterbruk av deponi på Syrtveit og tilskot ut over det som fylgjer av selskapsavtalen må vere heimla i eigen avtale mellom deltakarkommunane.

 

§ 15 Låneopptak

Selskapet kan ta opp lån til kapitalføremål og til konvertering av eldre gjeld innafor ei maksimal ramme på 15 millionar kroner.

Låneopptak for det enkelte år krev samtykke frå representantskapet, og må godkjennast av departementet.

 

§ 16 Rekneskap og revisjon

Selskapet skal fylgje dei budsjett- og rekneskapsføresegnene som til kvar tid gjeld for kommunesektoren.

Selskapet skal ha revisor som vert valt av representantskapet.

 

§ 17 Årsbudsjett og økonomiplan

Styret utarbeider framlegg til årsbudsjett og økonomiplan for dei neste fire åra. Årsbudsjettet og økonomiplanen skal setjast opp slik at det syner eit realistisk bilete av verksemda og det økonomiske resultatet ein reknar med. Årsbudsjettet og økonomiplanen skal handsamast og godkjennast av representantskapet.

Dersom budsjettet føreset tilskot frå deltakarane, er det ikkje endeleg før deltakarkommunane sine budsjett er handsama.

Dersom det er grunn til å rekne med vesentleg svikt i inntektene eller vesentleg auke i utgiftene i høve til budsjettet, skal styret for selskapet straks gjeve melding til medlemene i representantskapet. Leiaren for representantskapet syter for at det vert halde møte i representantskapet der styret gjer greie for årsaka til avvika frå budsjettet og gjer framlegg om revidert budsjett.

 

§ 18 Prisar på tenester og avfallsgebyr

Rammene og prinsippa for selskapet sine ulike tenester vert fastsett av representantskapet etter framlegg frå styret. Selskapet sine tenester skal ha ein pris som dekker driftsutgifter, kapitalkostnader og fondsavsetjing til planlagde investeringar. Prisane vert fastsette i årsbudsjettet for selskapet.

Innbetaling frå kommunane til selskapet skjer etter løpande fakturering.

Avfallsgebyret til innbyggjarane i dei enkelte deltakarkommunane må vedtakast av det enkelte kommunestyre.

 

§ 19 Utmelding

Dersom ein av kommunane vel å gå ut av selskapet og krevje seg utløyst, må vedtak om dette gjerast av kommunestyret sjølv, og leggjast fram for representantskapet seinast to år før neste års budsjett er vedtatt i representantskapet

Utløysingssummen vert sett til nettoverdet av eigarluten ved utgangen av oppseiingstida, men ikkje større enn verdet av dei midlar vedkomande kommune har skote inn. Er deltakaren sin eigarlut negativ er dette deltakaren sitt tap som skal innbetalast til selskapet.

Representantskapet kan leggje oppseiing fram for departementet innan 1 månad etter at selskapet har mottatt melding om utmelding. I representantskapet har den som ynskjer å gå ut ikkje røysterett i spørsmålet om å leggje saka fram for departementet.

 

§ 20 Oppløysing av selskapet

Selskapet kan berre oppløysast dersom deltakarane er samde om det. Vedtak om oppløysing av selskapet må handsamast av kommunestyret i deltakarkommunane etter framlegg frå representantskapet.

Vedtak om oppløysing av selskapet krev 2/3 fleirtal i to representantskapsmøte med minst seks månadars mellomrom.

Dersom deltakarkommunane vedtek å oppløyse selskapet skal representantskapet velje eit avviklingsstyre, og avviklinga skal gjennomførast i medhald av IKS-lova §§ 33-38.

Selskapet skal oppløysast dersom talet på deltakarar vert redusert til ein på grunn av utmelding eller utelukking.

Ved oppløysing vert eigedelar og gjeld å fordele i samsvar med eigarlutane, jf. selskapsavtalen § 2, med mindre anna er avtalt.

Vedtak om oppløysing av selskapet skal godkjennast av departementet.

 

§ 21 Endring av selskapsavtalen

Endringar i selskapsavtalen skal godkjennast av kommunestyra i alle deltakarkommunane dersom det gjeld:

  • selskapet sitt namn
  • kven som er deltakarar
  • selskapet sitt føremål
  • den kommune der selskapet har sitt hovudkontor
  • talet på styremedlemer
  • den enkelte deltakar si innskotsplikt eller plikt til andre ytingar til selskapet
  • den enkelte deltakar sin eigarlut eller ansvar i selskapet
  • talet på medlemer som deltakarane oppnemner til representantskapet

 

§ 22 Andre reglar

Selskapsavtalen tek til å gjelde frå 1. juli 2004.

Tvist om tolking av selskapsavtalen og fordeling av eigedelar og gjeld i samband med oppløysing av selskapet, vert avgjort med bindande verknad etter reglane om skilsdom i tvistemålslova.

Offentleghetslova gjeld for selskapet.

Åpningstider

Man- tirs- ons- og fredag:
 08.00-14.30

Torsdag:
08.00-19.00

2.lørdag i måneden:
10.00-13.00

Kommunene